Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Kveldskurs: Sosiale medium

23 november, 2021 @ 16:30 18:30

Sosiale medium blir stadig viktigare for verksemder og organisasjonar. Gjennom sosiale medium når du ut til nye kundar og du byggjer og styrkar relasjonar til dei som allereie følgjer deg. Me kva er det som skal til for å faktisk nå ut?

Jenny Henriksen Leite og Inga Klokkerstuen Wangensteen frå Omega365 Design kjem til oss for å gi oss svar på noko av dette.

Du lærer mellom anna:

  • Kva skal til for å ha ei god profilside på Facebook?
  • Kva skil dei ulike kanalane, og kva kan du gjera for å nå publikum?
  • Korleis lage ein god strategi for sosiale medium – korleis nå mål for kommunikasjonen?
  • Tekniske tips og triks til korleis du kan utvikle dine sosiale plattformar
  • Kurset har spesielt fokus på Facebook, men vil og gi ei god forståing av mellom anna Instagram.

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som kjenner til bruk av Facebook og andre sosiale medium på grunnleggjande nivå. Du har marknadsføring og kommunikasjon i digitale medium som del av jobben din. Du får vite meir om korleis bedrifta di kan lage innhald som blir lagt merke til og når ut til fleire.

Praktisk info og påmelding:

Stad: Suldal Vekst AS, Sandsvegen 134, 4230 Sand, møterom «Blåsjø».

Du melder deg på ved å sende ein epost til post@suldalvekst.no innan 18. november. Påmelding er bindande.

Pris:

Eigenandel for aksjonærar og målbedrifter i næringshageprogrammet til Suldal Vekst AS: Kr. 450,-.

Eigenandel for medlemmer i Suldal Næringsforening: Kr. 450,-.

Andre: Kr 650,-.

    Leave Your Comment Here