Jobbsøk for 10. trinn
«Jobbsøk» er eit undervisningsopplegg innan yrkesrettleiing i samband med næringslivet i Suldal, Suldal Vekst og grunnskulen 10 trinn. Jobbsøk er ei vidareutvikling av søknaden som ungdommane starta med i 9 trinn gjennom prosjektet «Læring i Næring».
Me ynskjer at ungdommane skal bli bevisste på korleis dei skal skrive ein best mogleg søknad og CV mot dagens arbeidsmarknad. Samstundes skal ungdommane få prøve seg på eit reelt jobbintervju inn mot eit fiktiv annonse med bedriftsleiarar i Suldal.
Ungdommane vil få med seg en viktig erfaring med å forholda seg til næringslivsaktørar i ein intervjusetting og samstundes spissa allereie utarbeida søknads-mal ved å legge ved ein gjennomtenkt CV.

Jobbsøk 2023 – viktige datoar
- Suldal Vekst hentar inn utvalde bedrifter/kommunale avdelingar til å produsere ei fiktiv annonse som eleven skal søkje på. Annonsa har relevans mot aldersgruppa 10 trinn.
- Suldal Vekst er på Sand skule 8. mars 2023 for søknad- og CV skriving. Her presenterer ein også annonsene til næringslivet.
- Ungdommane sender søknaden til Suldal Vekst. Denne skal sendast til marit@suldalvekst.no innan 10. mars.
- Suldal Vekst sender søknadene frå elevane inn til den reelle bedrifta ein har søkt til.
- Onsdag 15. mars 2022 er det «ein til ein» intervju mellom elev og bedriftsleiar fysisk på Sand skule. Vurderinga blir gjort ut i frå kva annonsane spør etter, oppsett på CV og gode haldningar hjå ungdommen. Kvart intervju tek ca. 10 minutt og ungdommane vil få ei lita tilbakemelding om ungdommen sin innsats frå bedriftene etter intervjuet.

Kvifor vera med på «Jobbsøk»?
Som 15-16 åring har ein ofte sine første møte med arbeidsmarknaden, og spesielt dette med å søke etter jobb. Saman med næringsaktørar i «JOBBSØK» rustar me dei til det reelle arbeidsliv ved å være bevisst på moral, etikk og egne haldningar. Målet er å gi deg god kunnskap om søknadsprosessen og at du skal føle deg trygg på eventuell intervjurunde og alt som høyrer med det å seg sin første jobb. Samstundes kan næringslivet i Suldal synleggjera behov for arbeidskraft i framtida.
Søknadsannonser
KV Bygg
Les meir på nettsida til KV Bygg her.
Omega Design
Les meir og finn stillingsannonsa på nettsida til Omega Design her.
Statkraft
Les meir på nettsida til Statkraft her.
Ola Fisketjøn AS
Les meir på nettsida til Ola Fisketjøn AS her.
Norsk Stein
Les meir og finn stillingsannonsa på nettsida til Norsk Stein her.
Ryfylke fjordhotell
Les meir på nettsida til Ryfylke fjordhotell her.
Nyttig informasjon til søknads- og intervjuprosessen