Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Det grøne skiftet er ein moglegheit som skaper konkurransefortrinn.

16 desember, 2021 @ 11:00 12:15

Me har gleda av å invitera dykk til eit inspirerande webinar om det grøne skiftet, og berekraft som konkurransefortrinn 🌿

Det grøne skiftet byr på store utfordringar, men også fantastiske moglegheiter for verksemder som ønsker å skapa konkurransefortrinn ut av berekraft.

Grøne startups og bedrifter med berekraft i kjernen endrar allereie i dag måten vi kjøper og sel varer og tenester på, medan 8 av 10 nordmenn seier dei ønsker å leva meir berekraftig. Så kva ventar du på?

Arrangementet er i samarbeid med Nasjonalparken Næringshage, som har invitert klimaoptimisten Petter Gulli til å prata om korleis og kvifor det grøne skiftet er ei moglegheit som skaper konkurransefortrinn.

Då FN’s klimapanel i oktober 2018 gav oss 12 år på å nå 2 graders målet, bestemte Petter seg for at nok var nok. Rett etter nyttår, sa han opp jobben som partnar i eit av Noregs leiande digtalbyråer og forlét reklamebransjen, eller turboen på forbrukarmaskineriet som han liker å kalla det, og starta 12YEARS.

Petter er ein uforbederleg klimaoptimist som hatar grøne fundamentalister og grønnvaskere, og elskar alle som kjem opp med idear som gjer at folk får lyst til å vera med i det grøne skiftet og gjer det enkelt for dei å bidra.

Eit webinar med Petter Gulli er eit fyrverkeri av inspirerande og kunnskapsrike minutt som vi anbefaler på det sterkaste!

Pris: 300,- inkl. mva (For aksjonærar og målbedrifter er det gratis). Lenke til webinaret blir sendt uti forkant til alle påmelde.

Påmelding: send epost til : post@suldalvekst.no

    Leave Your Comment Here