Suldal kommune lanserer kompetansefond for lokalt næringsliv
- Bedrift, Næringsliv
- kompetanse, kunnskap, suldal
- 21 april, 2020
Formål og kven kan søkje
Opplæringsmidlane skal bidra til å gi næringsdrivande i Suldal kompetanseløft og styrke næringslivet si konkurransekraft. Midlane skal dermed brukast til å styrke kompetansen til tilsette og bedrifter som av ulike grunnar treng omstilling og/eller skal gjennomføre utviklingsprosjekt.
Bedrifter heimehøyrande i Suldal kommune kan søkje midlar til bedriftsintern opplæring.
Kva kan det søkjast om?
Kompetansetiltak som kjem i tillegg til bedrifta sine ordinære opplæringsprogram. Det vert ikkje gitt tilskot til t.d. obligatorisk opplæring, sertifiseringar og liknande som bedrifta likevel må oppfylle i høve nasjonale krav og retningslinjer.
Ein kan søkje om tilskot til opplæring av eigne tilsette.
Ein kan søkje om inntil 80 % av dei totale kostnadane. Inkludert i eigenandel er også tidsbruk for bedrift. Søknad kan bli innvilga med maksimum 50 000,- per bedrift og inntil 25 000,- per tilsett.
Praktisk informasjon
Søknaden må innehald type kompetansetiltak, kor stor andel av dei tilsette i bedrifta dette gjeld for, og informasjon om kostnad for kompetansetiltak. Søknaden må også innehalde forventa effekt av tiltaket.
Søknader blir handsama fortløpande og skal sendast til: postmottak@suldal.kommune.no
Leave Your Comment Here