Læring i Næring – ei investering i framtida
Kva er Læring i Næring?
- Ungdom, det året dei går i 9.klasse, får moglegheit til å søkja praksisplass i ulike lokale bedrifter.
- Læring i Næring skal vera eit tillegg til den yrkesrettleiinga som vert gitt i skulen.
- Opplegget er frittståande frå skulen, praksis skjer på fritida.
- Bedriftene i Læring i Næring gir ungdomane ein sjans til å ”prøva ut” enkelte fagområde, få arbeidserfaring, knyta kontaktar mot framtidig arbeid, og kanskje bli så interesserte og motiverte at dei vel å ta ei vidaregåande utdanning innan det dei har fått praksis i.
- Læring i Næring er ei investering i framtida for ungdomane og det lokale næringsliv. Ei målsetting er langsiktig rekruttering til lokale bedrifter.
Kva oppnår mi bedrift med å vera med?
❑ Positivt omdøme i lokalsamfunnet, marknadsføring av eiga bedrift
❑ Interesse for faget
❑ Nettverk
❑ Påverknad i yrkesval m.m. blant ungdomane
❑ Stabil og dyktig arbeidskraft/rekruttering på lang sikt
Læring i næring vert organisert/tilrettelagt gjennom Suldal Vekst.
Korleis?
- Hovudkontoret legg til rette for at de kjem i kontakt med ungdomane,
gjennom ei bedriftsorientering på skulen i august/september. - Bedrifta inviterer til bedriftsbesøk for interesserte ungdomar
- Vidare inviterer de til skriftleg jobbsøknad.
- De har intervju med aktuelle søkjarar og
- Tilset den eller dei de ser som interessante, og gjer tilbakemelding til dei som dessverre ikkje fekk muligheita denne gong.
Bedrifta er arbeidsgjevar for ungdomen i Læring i næring. I det dykk har tilsett ein ungdom har de ansvar for vidare kontakt med ungdomen, arbeidsavtalar, forsikring, lønn m.m(Lønn er f.t. kr 80,- per time.). Eleven/arbeidstakaren føljer eles arbeidsregulativa i ansatt bedrift. Det er også de som avsluttar arbeidsforholdet seinast i utgongen av mai månad.
Det er bedrifta som gjennom avtale med ungdomen bestemmer kor mykje
han/ho skal få av praksis. I utgangspunktet er det eit minimum på 37,5 timar og at desse arbeidstimane blir lagt til ungdomen sine fridagar/feriar.
Læring i Næring – ei investering i framtida. De står fritt i forhold til kva avtale de gjer med ungdomane. Eit arbeidsforhold kan også avsluttast når som helst viss det ikkje tener hensikta med Læring i Næring.
Me ynskjer mest muleg realistisk opplegg mot elevane som ein elles legg opp til ved ein tilsetjing i arbeidslivet. Dette er ei viktig erfaring for 14- 15 åringane tar med seg vidare.
Hovudkontoret bidrar med:
- Mal for stillingsannonse
- Standard arbeidsavtale
- Mal for attest til ungdomane
- Forskrifter for arbeid av barn og unge
- Rettleiing for yrkesskadeforsikring
- Mal for evalueringsskjema
- Erfaringsdeling ved ulike problemstillingar
- Mal for svarbrev til søkjarar
Læring i Næring er ein del av satsinga på langsiktig rekrutteringsarbeid i Suldal.
Denne satsinga har som mål å få barn og unge til å sjå moglegheiter i lokalt
næringsliv. Langsiktig rekrutteringsarbeid handlar om haldningar,
personlege eigenskapar, ressursforståing, lokalsamfunnskunnskap og
handlingskompetanse.
Vi har tiltak for barn og unge både i og utanfor skulen.
For ytterlegare informasjon:
Kontakt Marit Larsen
Suldal Vekst
Mobil: 90684861
E-post: marit@suldalvekst.no
Sandsvegen 134
4230 Sand