Starte bedrift

Det største skrittet er som oftast å ta valet om å satse på din idè!
Har du ein ide og ønskjer å starte bedrift, men veit ikkje heilt korleis du skal koma i gang? Suldal Vekst ønskjer at fleire får realisert sine idear, slik at det blir fleire verksemder som kan veksa og gi arbeidsplassar i framtida. Går du rundt og drøymer om å starte for deg sjølv, eller har ein idé du treng å diskutere med nokon? Å vera gründer er til tider ein tøff, arbeidskrevjande og ofte einsam jobb – det er mange val som skal gjerast. Suldal Vekst har både verktøy, kompetanse og vilje til å hjelpe deg med å planlegge dei første skritta mot din og kanskje andre sin arbeidsplass. Gjennom vår oppdragsavtale med Suldal kommune tilbyr me 4 timar gratis rådgiving for deg som ønskjer å starte eiga bedrift.
Me skreddarsyr våre tenester etter dine behov og samtale med deg som gründer, men nedanfor ser du nokre døme på ulike type tenester me tilbyr våre nye bedrifter.
Vurdering av forretningsidé
Val av selskapsform og registrering av bedrift
Råd og søknadshjelp til
kommunale næringsfond
Utvikling av forretningsmodell og forretningsplan
Hjelp til å finne aktuelle samarbeidspartnerar og kompetansemiljø
Næringsfagleg uttale
Vurdering av marknad og målgrupper
Formalitetar og krav
Budsjettering
Finansieringsmoglegheiter
Lokalisering
Etablerarkurs
Generell informasjon og informasjon om etablering av ny verksemd
Nyetablering? Nettsidene til www.skape.no, www.altinn.no og www.etablerer.no er gode stader å starte å hente inn meir informasjon.
– Suldal vekst
Ønskjer du rådgiving eller støtte på vegen utover den første etablerarfasen, kan du inngå ein samarbeidsavtale med næringshagen.