Loading Content..

Tolv produksjonsbedrifter deltok i DigiFab 4.0

Kva gjer di verksemd for å følgje den teknologiske utviklinga? Korleis arbeider de med å få effektivisere produksjons- og arbeidsprosessane dykkar? Kva kunnskap har ein om ulike teknologiar? Korleis tenkjer ein rundt nye forretningsmodellar og strategi? I kva og korleis skal ein investere i framtida? Gjennom DigiFab 4.0 har tolv produksjons- og industriverksemder i regionen hatt eit spesielt fokus på …

View Post

Webinar-serie i styrearbeid

Ønskjer du ei oppfriskning i rutinar og gode verkemiddel i styrearbeidet? Eller kanskje du ønskjer informasjon om endringane som pregar styrearbeidet og nye verktøy? BI og Næringshagene i Noreg tilbyr no ein webinar-serie på tre kurs med ulike tema knytt til godt styrearbeid. Kursa er gratis og vil bli gjennomført digitalt. Kurs 1: Styret si rolle og styret som ressurs …

View Post

Ein midtsommars draum

På garden Bakkjen på Hebnes er dei ikkje redde for å tenkja nye tankar. Men ikkje berre tenkjer dei, dei set det ut i livet også. For ekteparet Toyni Tobekk og Arild Hebnes har læringskurva stige rett til himmels det siste året. Nå blir det vin frå Suldal til sommaren! I dei sørvendte bakkane står nå heile 4300 plantar og …

View Post

Omlag 30 personar møtte til seminar rundt aktivitetsturisme

Onsdag 26. januar deltok omlag 30 personar til workshop for aktivitetsturisme i Suldal. Her fekk ein presentasjonar frå nye og spanande satsingar og etablert reiseliv, i tillegg til fagleg innhald. Trass i ein krevjande periode for reiselivet har ein dei siste åra og månadane sett ei stor satsing på utvikling av nye aktivitetstilbod i reiselivet i Suldal. Dette er i …

View Post

56 verksemder deltok på digital yrkesmesse

Yrkes- og utdanningsmessa er eit årleg rekrutteringsarbeid der målet er å knyte ungdommar i Suldal og Sauda opp mot næringslivet i regionen for å synleggjera utdanningsmoglegheiter, yrkesval og lærlingplassar lokalt. I år, som i fjor, blei yrkesmessa holdt digitalt grunna aukande smittetal i regionen. Tema for året var «Framtidas yrker». Den digitale messa blei arrangert via yrkesportalen utdanningiryfylke.no som er …

View Post

Indre Ryfylke godt representert i gasellekåring

I dag blei årets gasellebedrift for 2021 kåra. Fleire bedrifter frå Suldal, Sauda og Hjelmeland har også utmerka seg som gasellebedrifter i året som gjekk. Årets gasellebedrift er ei utmerking som deles ut av Dagens Næringsliv i samarbeid med Dun & Bradstreet. Fleire små og mellomstore bedrifter i kvart fylke blir utmerka som gasellebedrifter basert på ei rekke ulike kriterium. …

View Post

BEDRIFTSINTERN OPPLÆRING I ROGALAND

Rogaland Fylkeskommune har stadig midlar til bedriftsintern opplæring. Bedrifter kan søkje om støtte til å gjennomføre aktuelle opplæringstiltak som gjer bedrift og tilsette betre rusta til å møte konkurransesituasjon og omstille seg. Kven kan søkje: Enkeltbedrifter, bedrifter i lag, bransjeorganisasjonar som har omstillingsbehov og som treng kompetanseløft for vidareutvikling. Når og kor søkjer du: Du kan søkje når som helst, …

View Post

Årets Suldalsambassadør 2021

Anders Mol, Christian Sørum og Kåre Mol mottok i dag prisen for Årets Suldalsambassadør 2021. Her er grunngjevinga frå juryen: Årets Suldalsambassadørar treng i grunnen ingen nærmare presentasjon. Det er kjent for ei heil verd kva dei har oppnådd på sandvolleyballbanen. Det dei har gjort samstundes er å setje Suldal på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Årets Suldalsambassadørar er rause, …

View Post

BLI KJENT MED; MIKALS LAKS – NORGESMEISTRANE PÅ SKIFTUN

Mikals Laks er Ryfylke sitt heilt eige, familieeigde røykeri. Arbeidet som eigentleg starta som ein hobby har vunne ei rekke prisar for sine produkt som har fokus på kvalitet og naturlege råstoff. Mikals Laks, har ei lang fiske og foredlings-historie å sjå tilbake på. Tidlegare generasjonar i familien Viga har alle levd av sjøen og drive med røyking av fisk. …

View Post

36 millionar blir lyste ut frå Ulla-Førrefondet.

Prosjekt som er relatert til grøn omstilling i næringslivet og utvikling av høgare utdanning kan no søkje støtte frå Ulla-Førrefondet i Rogaland. 36 millionar kroner skal delast ut til hausten. Dette går fram av ei pressemelding frå Ulla-Førrefondet 18. juni. Styreleiar i fondet, Torkel Myklebust seier at dei er glade for å kunne melde at ei siste endring av Ulla-Førreavtalen …

View Post