Visit Suldal på Noregs største arena for sal av norske reiselivsprodukt
- Uncategorized
- 14 april, 2019
Frå 1-4. april var Visit Suldal på Norwegian Travel Workshop, eit årleg arrangement for sal av norske reiselivsprodukt arrangert av Innovasjon Norge. Meir enn 800 deltakarar var tilstades frå meir enn 30 land. Frå Visit Suldal var Anita Svendheim frå Suldal turistkontor og Valborg Rognskog frå Mo Laksegard tilstades.
Under messa møtte Visit Suldal med ei rekke internasjonale aktørar frå land som Sveige, Danmark, Kina og Brasil for å promotere Suldal som ein stad der ein finn ro, gode naturopplevingar og personlege møte mellom to av sørlege fjord Noregs største turistattraksjonar: Preikestolen og Trolltunga. Visit Suldal stilte med fire pakketilbod:
– Vatn-eventyraren: Flyt nedover Vestlandets mest vassrike elv i tørrdrakt
– Der moderne arkitektur og vill natur møtest: Den arkitektoniske rundturen
– Eit kulinarisk e-eventyr: Få ein smak av Suldal frå e-sykkelen
– Vinter og velvære: Opplev fjordbygder og fjellandskap i vinterhalvåret
Du kan lese meir om pakkane på VisitSuldal.no
Leave Your Comment Here