Digitale bransjekurs
- Uncategorized
- 29 oktober, 2020
Handelshøyskolen BI Executive har etablert 12 gratis treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Kursa er strukturert med tanke på bransje, der kvart program er delt inn i tre underkurs som kan bli tatt for seg sjølv eller som ein serie. Alle kursa blir gjennomført som webinar til faste tider for å gjera det enkelt og lett tilgjengeleg for dei som ønsker å auke sin kompetanse. Kursa går over omtrent tre veker og det er ingen opptakskrav.
Dei ulike bransjeprogramma er som følgjer:
Detalj- og faghandel
Kursserien Bærekraft som konkurransefortrinn
-Bærekraft som forretningsmodell og konkurransekraft
-Bærekraftige strategier og innovasjoner
Grønn markedsføring og kommunikasjon
Kursserien Digital forretningsforståelse
– Digital forretningsstrategi
– Den digitale transformasjonen
– Digital kommunikasjon og sosiale nettverk
Les meir her: www.bi.no/detaljogfaghandel
Reiseliv (ikkje kulturlivet)
Kursserien Bærekraft som konkurransefortrinn:
-Bærekraft som forretningsmodell og konkurransekraft
-Bærekraftige strategier og innovasjoner
-Grønn markedsføring og kommunikasjon
Les meir her: www.bi.no/reiseliv
Elektro/automasjon/kraft/fornybar
Kursserien Bærekraft som konkurransefortrinn:
- Bærekraft som forretningsmodell og konkurransekraft
- Bærekraftige strategier og innovasjoner
- Grønn markedsføring og kommunikasjon
Les meir her: www.bi.no/elenergi
Det er viktig at den som søker arbeider innanfor ein bransje som kjem inn under dei ulike definisjonane i dei tre bransjeprogramma. Tilbodet gjeld permitterte, arbeidsledige og tilsette, og ein mistar ikkje dagpengar ved å delta. Tek ein alle tre kursa har ein også moglegheit til å få 7,5 studiepoeng gjennom å ta ein avsluttande eksamen.
Kursa er utvikla gjennom eit samarbeid mellom høgskulen, staten og ulike partar i arbeidslivet, administrert av Kompetanse Norge. Målet er å auke kompetansen innanfor ulike utvalde bransjar som har blitt spesielt ramma av koronapandemien. Meir informasjon om bransjeprogramma finn ein her.
Leave Your Comment Here